Denne sida er ikkje klar, men vil verte oppdatert i nær framtid!
KURS
-ski, bre, skred og trygg ferdsel
Vi kan tilby eventyrlege fjellopplevingar og lærerike kurs for bedrifter og større grupper. Planlegg tur, kurs og opplevingar med oss, og få eit tilpassa arrangement for di gruppe. Fokuset er samarbeid og trivsel, og ynskjer du full pakke kan vi tilby løysingar som inkluderar mat og overnatting.
Tidsbruk
1 eller fleire dagar
Deltakarar
Avhenger av opplegget
Kven passar turen for?
Familie, barn, skuleklasse, firma, den som søker ekstra utfordring
SESONG: HEILE ÅRET
Meir informasjon kjem..
Pris
Privat guide
frå kr 4500,-
Inkludert
-
Lokalkjend guide
-
Nødvendig breutstyr
Ikkje inkludert
-
Privat turutstyr
-
Nistepakke og drikke
Turfakta
Oppmøte
Antall
Vanskegrad
Førebuing
Sikkerheit
Ein trygg tur ligg til grunn i alt arbeidet vi gjer. Du vil derfor ha med deg ein erfaren og lokalkjend guide på denne turen, eventuelt i kombinasjon med ein aspirant som er med for å få meir erfaring. I tillegg vil det alltid vera maks 10 deltakarar per guide, dette for å gjera turen trygg og tilpassa alle som er med. Av deg som deltakar er det påkrevd å setja deg inn i informasjon i forkant av turen, og ha med tilstrekkeleg med klede for å halde varmen heile dagen. Sjå difor nøye gjennom utstyrslista.
Forbehold
Jotunheimen kan by på raskt skiftande vêr, og vi tek forbehold om endringar i tur. Turen kan verte avlyst om vêret tilseier at det går utover sikkerheiten til gruppa. I slike tilfelle vil Fyrst og Fremst så snart det let seg gjera tilby eit alternativt opplegg for den aktuelle dagen. Vert turen avlyst av deltakaren er det den enkelte si reiseforsikring som dekkjer dette, om det føreligg godkjend årsak. Sjå råd om forsikring under.
Forsikring
Den enkelte må sjølv ha sjuke- og ulykkesforsikring på turen. Vi anbefalar å sjekke at forsikringa dekkjer minimum følgjande:
-
Aktiviteten
-
Avbestilling
-
Tapt reisens formål (t.d. om du knekk ein arm eller vert sjuk i forkant av turen slik at det ikkje let seg gjera å stille opp på tur den aktuelle dagen. Ha difor ei forsikring som dekker tap av reisa sitt føremål).
Utstyr
Fyrst og Fremst stiller med hjelm og hovudlykt. Kvar enkelt må sjølv ha nok klede til å halde varmen den aktuelle dagen. Vi anbefaler og å ha klede ein kan godta at vert både våte og møkkete. Sjå nøye gjennom utstyrslista, og hugs at det midtsumars kan vera alt frå 20 varmegrader til snøvêr i området.
Forslag til dagstursekk (ca 30-40 liter) og bekledning:
-
Ullundertøy innerst
-
Vann og vindtett jakke og bukse
-
Fleece, evt. dunjakke til å ha i pausane
-
Varme vottar/hanskar
-
Varm og vindtett lue
-
Godt fottøy (ikkje joggesko, men fjellsko)
-
Solbriller og solkrem
-
Varm / kald drikke
-
Sjokolade eller annan nødproviant
-
Niste for ein dag i fjellet
Overnatting
Overnatting må den enkelte ordne sjølv, men vi kan og etter ynskje skreddersy pakkar som inneber overnatting og mat. Her er nokre alternativ til overnatting, med beskrivande stikkord på den enkelte sine kvalitetar:
-
Lista er under oppdatering og vil snarleg verte lagt ut
Alternativ
Ulike variantar:
Alternative aktivitetar / severdigheiter:
-
Omvising på Norsk Fjellsenteret
-
Ein smak på Bakeriet i Lom
-
Lokal Øl og mat på Smak i Lom
-
Middag på Brimibue
-
Lom stavkyrkje
-
Fossheim steinsenter
-
Aktiv i Lom sin aktivitetspark og zip-line i Lom sentrum