GALDHØPIGGEN
on top of Norway
Galdhøpiggen is the highest mountain in Norway, but even though a tour most people can do. We customize the tour to everyone in our group, so you can be certain to leave with a good experience from the tour with us.
Time
7 hours
Participants
3 - 12 per guide
Who can join this tour?
Families, kids, schoolclass, firms, the once who seek a challenge
SEASON: 1.JUNE - 1.OCTOBER
Turfakta
Oppmøte
Oppmøte på Norsk Fjellsenter kl. 07:45. Det er og mogleg å møtast direkte på Juvasshytta, ved innkøyring til parkeringa kl. 08:30 (ferdig pakka og klar til tur).
Frå ca. 1.juli - 15.august har vi faste turar, planlagt turar finn på vår booking.
Passar ikkje datoane er det berre å ta kontakt, så set vi opp fleire turar.
Antall
Minimum 3 og maksimum 12stk per førar. Vi tek på oss større grupper og arrangement, men vil fortsatt halde oss til 12 per guide for å kunne legge til rette for personlege og tilpassa opplevingar. Ved turar med mange guidar på ei gruppe, kan vi i nokre tilfelle vera meir enn 12 gjester per guide.
Vanskegrad
Dette er ein overkomeleg tur for dei fleste, og det er ikkje krav om erfaring med turar i fjellet. Det skal likevel seiast at det ikkje er ei ulempe om ein er vant til å gå tur og vera i aktivitet i om lag 7 timar. Litt førebuing kan gjera at ein sit att med enno meir etter turen, sjå tips til førebuing under.
Førebuing
Det er ikkje spesielle krav til denne turen, men i forkant av turen kan vi anbefale å gå nokre turar med ryggsekk i ulendt terreng og motbakkar. Eit eksempel kan vera ein liten tur i skogen både på og utanfor merka sti. Det vil kunne gjera at du har meir overskot i løpet av turen, og betre moglegheit til å nyte opplevinga.
Sikkerheit
Ein trygg tur ligg til grunn i alt vi gjer. Du vil derfor ha med deg ein erfaren og lokalkjend guide på denne turen, eventuelt i kombinasjon med ein aspirant som er med for å få meir erfaring. Av deltakarane er det påkrevd å setja seg inn i informasjon i forkant av turen, og ha med tilstrekkeleg med klede for å halde varmen heile dagen. Sjå difor nøye gjennom utstyrslista.
Forbehold
Jotunheimen kan by på raskt skiftande vêr, og vi tek forbehold om endringar i opprinneleg bestilling. Turen kan verte avlyst om vêret tilseier at det går utover sikkerheiten til gruppa. I slike tilfelle vil Fyrst og Fremst så snart det let seg gjera tilby eit alternativt opplegg for den aktuelle dagen. Vert turen derimot avlyst av deltakaren, er det den enkelte si reiseforsikring som dekkjer dette (om det føreligg godkjend årsak). Sjå råd om forsikring under.
Forsikring
Den enkelte må sjølv ha sjuke- og ulykkesforsikring på turen. Vi anbefalar å sjekke at forsikringa dekkjer følgjande:
-
Aktiviteten du har bestilt
-
Avbestilling
-
Ansvar
-
Tapt reisens formål (t.d. om du knekk ein arm eller vert sjuk i forkant av turen slik at det ikkje let seg gjera å stille opp på tur den aktuelle dagen. Ha difor ei forsikring som dekker tap av reisa sitt føremål).
Utstyr
Vi stiller med nødvendig bre- og sikkerheitsutstyr. Mot Galdhøpiggen inneber det som regel sele og tau. Om forholda tilseier at det er glatt over breen, så har vi i tillegg med brodder eller stegjern, alt etter kva som passar best for gruppa.
Kvar enkelt må sjølv ha klede til å halde varmen i fjellet den aktuelle dagen. Sjå nøye gjennom utstyrslista og hugs at det kan vera alt frå 20 varmegrader til snøvêr på Galdhøpiggen heile året, også i midten av juli.
Forslag til dagstursekk (ca 25-35 liter) og bekledning:
-
Ullundertøy innerst
-
Vann og vindtett jakke og bukse
-
Fleece, evt. dunjakke til å ha i pausane
-
Varme vottar/hanskar
-
Varm og vindtett lue
-
Godt fottøy (ikkje joggesko, men fjellsko)
-
Solbriller og solkrem
-
Varm / kald drikke
-
Sjokolade eller annan nødproviant
-
Niste for ein dag i fjellet
Overnatting
Overnatting må den enkelte ordne sjølv, men vi kan skreddersy pakker som inneber både overnatting og mat. Her er nokre alternativ til overnatting, med beskrivande stikkord på den enkelte sine kvalitetar:
-
Lista er under oppdatering og vil snarleg verte lagt ut