GLACIER TOUR

-explore the blue ice

This tour suits everyone that wish to experience a glacier in safe circumstances. During the day you will learn about the the glaciers and how they have shaped the landscape of our country through thousands of years. Depending on the conditions we seek to explore formations like crevasses, icy towers and tunnels.

Time

4-6 hours

Participants

2-6 per guide

Who can join this tour?

Families, kids, schoolclass, firms, the once who seek a challenge

SEASON: 1.JUNE - 1.OCTOBER

This tour suits most people since we have opportunity to customize the length, and level of difficulty. We support you with the necessary glacier equipment, and you just need to bring your personal equipment. 

 

The tour starts from Krossbu Turiststation, 47km west of Lom. We either meet at the Norwegian Mountaincenter in Lom or directly at Krossbu, depending on what´s best for the group. 

Kids on the glacier

We have brought many 6 year olds who love exploring the glacier. The tour is normally 6km, which makes it possible to experience with the whole family. Anyway, we do not recommend to bring the kids too early for an experience like this, considering their motivation and that they understand what they are up to. If you wait until the kids are ready, they will have surplus along the way and be able to appreciate the experience.​

Looking for a challenge? Check "alternatives" at the bottom of the page.

Price

Kids

Adult

Private guide

kr   690,-

kr   990,-

from kr 4500,-

Included

  • ​Experienced and local guide

  • Necessary glacier equipment

Not-included

  • Private gear like clothes

  • Lunchpack and beverage

 
 

Tour-information

Oppmøte

Oppmøte på parkeringa nedanfor Krossbu, kl. 08:30 (ferdig pakka og klar til tur).

 

Frå 10.07 - 15.08 har vi faste turar, datoane kan du sjå her. Passar ikkje datoane er det berre å ta kontakt, så set vi opp fleire turar.

 

Antall

Minimum 2 og maksimum 6stk per førar. Vi tek også på oss større grupper og arrangement, men vil fortsatt halde oss til 6:1 for å kunne gjeva personlege og tilpassa opplevingar. Ved turar med mange guidar på ei større gruppe, kan vi i nokre tilfelle vera meir enn 6 per guide. Ved spesielle førespurnadar kan vi og ta færre enn 3stk, spør oss gjerne om du lurar på noko.

 

Vanskegrad

Dette er ein enkel tur, som kan gjerast krevjande om ynskjeleg. Det er ikkje krav om erfaring med bre, sikringsutstyr eller turar i fjellet. Det er heller ikkje ei ulempe, og litt førebuing kan bidra til at ein sit att med enno meir etter turen.

 

Førebuing

Det er ikkje spesielle krav til denne turen, men i forkant av turen kan vi anbefale å gå nokre turar med ryggsekk i ulendt terreng og motbakkar. Eit eksempel kan vera ein liten tur i skogen både på og utanfor merka sti. Dette vil kunne bidra til at ein har meir overskot i løpet av breturen, og dermed har utvida moglegheiter når det gjeld både læring og kva vi kan leggje opp til i løpet av dagen.

 

Sikkerheit

Ein trygg tur ligg til grunn i alt arbeidet vi gjer. Du vil derfor ha med deg ein erfaren og lokalkjend guide på denne turen, eventuelt i kombinasjon med ein aspirant som er med for å få meir erfaring. I tillegg vil det alltid vera maks 6 deltakarar per guide, dette for å gjera turen trygg og tiltpassa alle som er med. Av deg som deltakar er det påkrevd å setja deg inn i informasjon i forkant av turen, og ha med tilstrekkeleg med klede for å halde varmen heile dagen. Sjå difor nøye gjennom utstyrslista.


 

Forbehold

Jotunheimen kan by på raskt skiftande vêr, og vi tek forbehold om endringar i tur. Turen kan verte avlyst om vêret tilseier at det går utover sikkerheiten til gruppa. I slike tilfelle vil Fyrst og Fremst så snart det let seg gjera tilby eit alternativt opplegg for den aktuelle dagen. Vert turen avlyst av deltakaren er det den enkelte si reiseforsikring som dekkjer dette, om det føreligg godkjend årsak. Sjå råd om forsikring under.


 

Forsikring

Den enkelte må sjølv ha sjuke- og ulykkesforsikring på turen. Vi anbefalar å sjekke at forsikringa dekkjer minimum følgjande:

  • Aktiviteten

  • Avbestilling

  • Ansvar

  • Tapt reisens formål (t.d. om du knekk ein arm eller vert sjuk i forkant av turen slik at det ikkje let seg gjera å stille opp på tur den aktuelle dagen. Ha difor ei forsikring som dekker tap av reisa sitt føremål).

Utstyr

Fyrst og Fremst stiller med nødvendig bre- og sikkerheitsutstyr. På bretur

inneber det som regel sele, stegjern, isøks, hjelm og tau. Vi legg alltid opp turen etter kva som er best for gruppa, og det ut frå forholda den aktuelle dagen.

 

Kvar enkelt må sjølv ha klede til å halde varmen i fjellet den aktuelle dagen. Sjå nøye gjennom utstyrslista, og hugs at det kan vera alt frå 20 varmegrader til snøvêr i Jotunheimen, også i midten av juli.


Forslag til dagstursekk (ca 25-35 liter) og bekledning:

  • Ullundertøy innerst

  • Vann og vindtett jakke og bukse

  • Fleece, evt. dunjakke til å ha i pausane

  • Varme vottar/hanskar

  • Varm og vindtett lue

  • Godt fottøy (ikkje joggesko, men fjellsko)

  • Solbriller og solkrem

  • Varm / kald drikke

  • Sjokolade eller annan nødproviant

  • Niste for ein dag i fjellet

 
 

Overnatting

Overnatting må den enkelte ordne sjølv, men vi kan og etter ynskje skreddersy pakkar som inneber overnatting og mat. Her er nokre alternativ til overnatting, med beskrivande stikkord på den enkelte sine kvalitetar:

  • Lista er under oppdatering og vil snarleg verte lagt ut

  • Andvord Gard

    Andvord gard er ein av dei eldste gardsbruka i Lom, og har blant anna vore fungerande tingsal. I dag byr dei på overnatting i unik omgjevnad.

  • Fossheim Hotell

    Tekst kjem

  • Raubergstulen

    Tekst kjem

  • Sognefjellshytta

    Tekst kjem

Alternativ

Ulike variantar av Brevandring:

 

Familie

Denne turen kan vera barnevenleg om det vert lagt opp til det. Vi gjennomfører turen i små grupper, som gjev fleksibilitet og moglegheit til individuell tilpassing. På familieturane har barnefamiliar fyrsterett, og turen vil verte lagt opp ut frå barna sine premiss. Det gjeld alt frå tempo, pausar, kvar vi stoppar og kva vi fortel om undervegs. Ynskjer du meir informasjon kan du kontakte oss her.

 

Skuleklasse

Vi har hatt med barne- og ungdomsskuleklassar med opp til 100 elevar, på enkel brevandring. Vi held fortsatt eit lågt antall per guide, slik at alle elevane føler seg ivareteke og får best mogleg oppfølging gjennom heile turen. På same måte som familieturen, så vert turen lagt opp ut frå gruppestorleik og alder.

 

Bedrift

Vi har og hatt med bedrifter på kring 70stk, og har god erfaring med å tilpasse turen til vaksne. Turen vert då ein annan når det gjeld pausar, kva vi oppsøker og kva vi fortel om undervegs. Vi legg opp turen ut frå kva mål og ynskje bedrifta har med opplevinga.

 

Jælma

Dette er varianten for dei som ynskjer ekstra utfordring. Det kan til dømes innebera klatring i bratte isveggar. Denne turen går til det same området, men her er det moglegheit til å prøve og lære enno meir om stegjernsteknikk, vanskelegare gange i is, rappellering og klatring i bratte veggar med to isøkser.



 

Alternative aktivitetar / severdigheiter:

  • Omvising på Norsk Fjellsenteret

  • Ein smak på Bakeriet i Lom

  • Lokal Øl og mat på Smak i Lom

  • Middag på Brimibue

  • Lom stavkyrkje

  • Fossheim steinsenter

  • Aktiv i Lom sin aktivitetspark og zip-line i Lom sentrum

 
Are you ready for an adventure?

 

CONTACT us for a tailor-maid arrangement that suits you and your group.

Or BOOK a ticket and join

one of our already planned tours

or activities.

Brubakken 2,

2686 Lom,

Norway

Phone: +47 966 46 116

What´s up

in Fyrst og Fremst

Follow us

Org: 916450990

© Fyrst og Fremst 2018

Laget av IVK Design